Landets raskaste lyskryss?

Publisert 26.06.2020 09:54, oppdatert 26.06.2020 09:54 - Bysidene - tips@stottmedia.no

Landets raskaste lyskryss?

Michael Schumacher (i sine glansdagar), Martin Schancke og Petter Solberg ville fått problem med å komme seg ut av parkeringskjellaren i Alti Førde på eitt og same grønt lys. – Vi skal sjå på saka, lover Statens Vegvesen.

  

Ei lyspære styrer livet vårt, i alle fall når den er montert bak eit raudt, gult eller grønt glas. Lyskrysset som styrer trafikken inn og ut av Alti sitt handelshus ved Rv 5 i Førde, irriterer vettet av bilistar både dag og natt.

To bilar ut

Står du som bil nummer tre i køa for å kome ut på Naustdalsvegen frå parkeringskjellaren til Alti er det berre å smøre seg med tolmod og vente på neste grøne lys. Står du først i køa og er litt sløv når lyset skiftar til grønt, har bil nummer to to val – køyre på raudt (eller til naud gult) eller å vente til neste gang pæra bak det grøne glaset tenner.

Skiftar natt og dag

Sjølv etter at handelshuset har stengt, er trafikklyset i full jobb. Sjølv om ingen bilar skal ut frå parkeringskjellaren og det ikkje er ein fotgjengar i mils omkrins, skiftar lysa i «hytt og pine».

Leiinga ved Alti Førde har fleire gonger teke opp denne problemstillinga, utan at problemet har blitt løyst.

Bernhard Langer ved Statens vegvesen lover å ta fatt i problemet:

-          Det skal ikkje vere slik. Vi skal sjå på problemet snarast råd. Vi har også fått melding om problem med lyskrysset ved drosjesentralen og vil sjå på dette også, seier Langer til Førdeby.

Dermed er det gitt grønt lys frå høgste hald, og kanskje kan vi vanlege bilistar kome oss ut av handelshuset på lovleg vis.

-og landets treigaste?

Men det er ikkje berre lyset som styrer trafikken ut og inn av Alti som er ute av lage, også lyskrysset ved taxisentralen har hatt ein svært dårleg periode i det siste.  Tidlegare har sensorar registrert at det står bilar og ventar og dermed gått frå raudt til grønt på «no time». Den siste tida har draumekrysset gått over til å bli eit lite mareritt.

lyskryss førde

-          Vi har sjekka opp dette, og det ser ut til å vere ein teknisk feil. Dette er eit gamalt lyskryss som ikkje gir automatiske feilmeldingar til oss. Når noko går galt her, er vi gjerne avhengige av at publikum melder frå, seier Langer.

Grønt i det fjerne

Den pålitelige tyskaren lover å ta tak i problemet.

-          Vi skal fikse dette så snart som råd er, eg har gitt melding vidare i systemet. Eg reknar med at dette er ordna i løpet av kort tid, seier Langer.  

Dermed blinkar det eit (eller fleire) grøne lys i det fjerne.

Les også