- Veggen er ein braksuksess

Publisert 29.09.2016 14:56, oppdatert 29.09.2016 18:51 - Børje Fonn Skaar - tips@stottmedia.no

- Veggen er ein braksuksess

Det seier Per Kristian Kongsvik og Martin Haraldsen i Førde sin klatreklubb om klatreveggen på Vie. Sidan den kom opp har medlemstalet stege frå 30 til 100 personar.

Førde: - Om klatreveggen har vore ein suksess? Den har vore ein braksuksess, seier Kongsvik til Fordeby.no.

- På det meste har det vore 35-40 personar som vil klatre samtidig, men det var størst trykk dei første vekene etter opninga av veggen, seier Haraldsen.

Tysdag var det i overkant av 20 personar som bevega seg innandørs i det som kan vere den einaste klatreveggen i verden som er plassert i ein sandhall – medan den tropiske stormen «Karl» passerte på utsida.

Stor auke

Før veggen var på plass hadde den Førde-baserte klatreklubben, Våtedalen Tindeklubb, 30 medlemmar. No er dei over 100.

- Veggen er veldig bra og passar bra til trening og bygging av eit godt klatregrunnlag. Men også for bybegynnarar og klatrarar med moderat kunnskap. For dei litt meir garva klatrarane kunne den nok optimalt sett vore både høgare og større, men ein skal ikkje klage, seier dei to.

Klatreveggen i Førde er eigd av Sunnfjord Folkehøgskule og vart ein realitet i mai, etter seks års planlegging av hovudpådrivaren Daniel Lira Figueiredo. Veggen strekk seg 12 meter til værs, og 14,5 meter til sides.

Helst døgnopent

Kamerat- og studentgjengen Sturla, Pål og Runar er nokre av dei som meinte det var på høg tid med ein skikkeleg klatrevegg i Førde – og bruker den ved høve rett som det er.

IMG_0267

Kameratane Sturla, Pål og Runar gjer seg klar sprell i klatreveggen. Foto: Børje Fonn Skaar.

- Vi er her tre til fire gangar i veka. Vi skulle eigentleg ønskje at det var døgnopent her, seier dei tre og ler.

- Tidlegare måtte vi pakke sakene og reise til Florø for å klatre. Noko som hadde blitt dyrt i lengda.

I løpet av ei veke er det mogeleg å klatre tre gongar, tysdag og onsdag kveld og på søndag mellom klokka 15. – 18.00. 

Og er du ein av dei som undrar på korleis du får tilgang eller mogelegheit til å bruke veggen?

- Då må ein gjennom det vi kallar eit sikringskort-kurs som går over to dagar, seier leiar i Våtedalen Tindeklubb, Per Kristian Kongsvik.

- Er det verdt det?

- Det å klatre er noko som ligg naturleg for oss menneske og om ein søker adrenalin, leik og opptrening innan styrke og hovudbruk så er det heilt klart, avsluttar Haraldsen.

IMG_0274

Pågangen har vore stor sidan klatreveggen på Vie opna i mai, og det vert stadig fleire medlemmar i Våtedalen Tindeklubb. Foto: Børje Fonn Skaar.

IMG_0388

Ei av dei som suste forbi under tysdagstreninga, medan kameramannen vart hengande igjen halvegs, i lause lufta. Foto: Børje Fonn Skaar.

Hvoudbilde: Kasserar i Våtedalen Tindeklubb, Martin Haraldsen, og leiar Per Kristian Kongsvik. Foto: Børje Fonn Skaar.

Les også