Gir ut barnebok

Publisert 29.11.2016 10:02, oppdatert 29.11.2016 10:10 - Børje Fonn Skaar - tips@stottmedia.no

Gir ut barnebok

Angedal gard og Rune Hegrenes har laga barnebok om ein bebuarane på garden.

Førde: - Historia er henta i frå verkelegheita og handlar om at nokon har forsvunne frå gardsplassen. Eg kan vel våge meg til å avsløre at det er «Leif Børre» som er sakna, men meir vil eg ikkje seie, seier forfattar av boka, Rune Hegrenes.

- Dei som har vore på garden veit nok kven eller kva det er, legg Martha Bjørvik Angedal, som til dagleg driv Angedal gard, til.

Hegrenes, som er nabo til garden, seier at historia som vert fortald i boka vart nedskrive for fleire år sidan, men at ideen om å lage bok av den først kom i haust.

- Så må vi berre vente å sjå kor populær den blir, for vi har fleire idear til eventuelle oppfølgjarar, seier han til Fordeby.no.

Håper boka hamnar under juletreet

I ei pressemelding skriv dei at barneboka er eit resultat av at dei ønskjer å utvide det varierte tilbodet som allereie er på Angedal gard.

«Vi håper og trur dette vil vere ei kjekk bok for borna. Gjerne spesielt for dei som har møtt Leif Børre på garden».

IMG_8082

Boka går under Rune Hegrenes sitt private Sytalaust Forlag. Foto: Børje Fonn Skaar.

- Er det tilfeldig at lanseringsdatoen kjem så tett opp mot jul?

- Heilt tilfeldig er det ikkje. Vi håper jo at den skal kunne hamne under juletreet til dei unge i år. Ei billeg og koseleg julegåve, seier dei to med eit smil.

I første omgang vil boka hamne i butikkhyllene til Yes, vi leker og Norli på Elvetorget i Førde.

Angedal Gard vart tildelt «Bygdeutviklingsprisen for Sogn og Fjordane» i 2013. Vi vart og brukt som eksempel i stortingsmeldinga «Garden som ressurs - marknaden som mål - Vekst og gründerskap innan landbruksbaserte næringar» frå Landbruks- og matdepartementet i 2015.

IMG_8298

Martha Bjørvik Angedal trur mange av dei som har vore på garden vil like boka. - Men den passer til dei som ikkje har vore her også, seier ho.

Hovudbilde: Eigar av Yes vi leker, Oddrun Steen (midten), seier at ho sa ja til å selge boka med ein gong. - Eg vart tent på ideen, og så er det viktig at vi støtter opp om dei lokale sidan vi er ein lokal butikk. På bildet står ho saman med Martha Bjørvik Angedal og forfattar av boka Rune Hegrenes. Foto: Børje Fonn Skaar.

Les også

annonsørinnhold
Vinn ein iPhone 7
Vinn ein iPhone 7