Fem kommunar kan bli til to i Sogn og Fjordane

Publisert 29.09.2016 15:23, oppdatert 29.09.2016 15:23 - NTB - tips@stottmedia.no

Fem kommunar kan bli til to i Sogn og Fjordane

Fylkesmann Anne Karin Hamre i Sogn og Fjordane går inn for samanslåing av Leikanger, Balestrand og Sogndal og av Selje og Vågsøy.

Kommunane har sjølv vore splitta om samanslåing. Mens Sogndal sa ja, var svaret nei hos dei to moglege partnarane Leikanger og Balestrand.

Hamre meiner samanslåing er viktig for å heve nivået på tenestetilbodet og moglegheita for rekruttering.Ho la vekt på at det allereie eksisterer ein tett arbeidsmarknad, kor mange pendlar mellom kommunane.– Nokre vil meine dette er mangel på respekt for folkeviljen, andre vil seie at vi har vore for pinglete, sa Hamre.– Vi har sett på heilskapen. Vårt råd skal vere meir enn berre å formidle kommunestyrevedtaket til departementet. Men vi må også ha med oss at Stortinget har ønskt at samanslåing i første rekke skal vere frivillig, sa ho. Frå før er det kjent at Førde, Naustdal, Jølster og Gaular ønsker å gå saman i ny kommune – ei samanslåing som fylkesmannen også synest er fornuftig. I tillegg har Volda og Hornindal gitt kvarandre sitt ja, og også det vedtaket får velsigning frå fylkesmannen.  (©NPK)Foto: Falkeblikk AS.

Les også